torsdag 2. februar 2012


Fine minner  //

// Innepiknikk saman med fine veninner. Me dansa vilt til Razika, Dance and Forget og Florence. Spelte brettspill. Snakka fram til månen kom fram. Såg film til klokka vart så mykje at me følte oss fornøgde. Vakna til varme rundstykke og appelsinjuice.

























// Denne kvelden rista me hovudet til hard rock musikk. Noko som eg eigentlig ikkje likar, men på konsert er det veldig ok.

// Akvarellmale på ein mandagskveld. Utfordra seg sjøl. Og å vera så konsentrert at ein gløymar at det finnes andre ein deg her i verden.

 // Her er me på kafé i Stavanger og drikk varm te, te og te. Ho fine fine Rebecca er ei av dei beste kafé veninnene.

 // Ein kald søndagsmorgon på veg til butikken.




// Ein heil dag saman med Marita. Det var så altfor altfor lenge sidan.

// Saman med Marita og hennar søte søster, laga me hytte inne i stua. Den vart ganske fin synes eg. Seinare på kvelden satt me under kvart vårt teppe og drakk god-natt-te, åt kjeks og snakka om ting som eg ikkje lenger kan hugsa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar