mandag 14. november 2011


























Eg gler meg til jul. Til fine kvelder med norske julesanger, pepperkaker og toddie. Eg gler meg til å kunna gi frå meg gåvar eg eigentleg vil ha sjølv. Eg gler meg til å pynta meg i raud kjole. Eg gler meg til å laga snøenglar i snøen. Eg gler meg til å sjå julelys i gatene. Eg gler meg til å høyra lyden av pakkepapir. Eg gler meg til å setta stjerna på treet.

Eg gruar meg til vinden, snøen og kalde dager. Eg gruar meg til den dag då bakken ikkje lenger er grøn. Eg vil ikkje at hausten skal ta slutt. Eg skulle ynskja verden kunne settast på pause. Eg gruar meg til å bli blaut i skona. Eg gruar meg til å gå med trippel strømpebukse. Eg kjem til å savne alt som veks. Eg gruar meg til å fryse under vinterkåpa. Eg gruar meg til å måtte gå med hue. Eg hatar å bli kald på nasen.

Eg gruar meg til eit nytt år der alt liksom skal bli betre.

1 kommentar: