Første april reiste eg og kjærasten på påskeferie. Eg satte meg på flyet med forhåpningar om å bli inspirert og å få renska hovudet. Med kitling i magen, kjente eg at flyet letta, minutter seinare var me 8543 meter over havet.
Stavanger - Oslo - Berlin.
Berlin har ein fin atmosfære, som eg raskt vart glad i. Framande gater fulle av nye mennesker og store nydelige japanske kirsebærtre. Dagane vart fylla opp med resturangbesøk, handling, menneske-titting, latter, gåsehud, museum, kunstutstillinger, kart-titting, og vonde bein sjølvsagt. Me fann våre favoritt plassar i byene, satte oss ned, og spiste deilig mat.
Med å vandra rundt i ein ny by ser eg nye ting, luktar nye luktar og opplev andre typar menneske. Museumsturar, klær, kunstutstllingar, bygninger, trær, fugler og murveggar har gitt meg inspirasjon til å skapa. Skapa noko med større innsikt. Etter denne turen følte eg meg meir klokare om kva som fins i den store bobla der ute, ovanfor mi overflate.
I løpet av ferien rakk me å gå på ein superkoselig tysk kino. Her va salen pitteliten og filmen kornete. Me var også innom eit historiskmuseum og to kunstmuseum. Skal du snart til Berlin? Gå innom hackescher höfe kino for å sjå ein film på eit språk du ikkje forstår. Du må også innom kunsthuset,
Tacheles, som var heilt ubeskrivelig kult.
Eg brukte flaut mykje tid på sørga over ei jakke eg ikkje kjøpte.
Etter å ha stått ein time i kø, frøse kjenslane av oss og kjent kulden langt inn i sjelen, fekk me tak i bilettar til Neues Museum. Her var det eit mange hundre år gammalt skjellet, fasinerande gamle smykker og graver.
Følelsen av koma heim er så mykje betre når du har hatt det fint.